«Religion og nasjon 1814 – 2014»

Forskningsstiftelsen KIFO inviterer til seminar mandag 2.des. 2013 kl 9.30 – 15.30 på Litteraturhuset i Oslo.

Temaet for seminaret er forholdet mellom religion og nasjon i Norge i 1814 og i dag. Utgangspunktet er det komande grunnlovsjubileet. I 1814 hadde Den norske kyrkja eit hegemoni på det religiøse området og var også den dominerande politiske arenaen for mange av dei førebuande hendingane fram mot riksforsamlinga på Eidsvoll (nominering av valmenn, avlegging av eid, gudtenestemarkeringar osb). I det komande året skal desse hendingane minnast og markerast i grunnlovsjubileet der også Den norske kyrkja vil vere ramma for fleire markeringar. Men det skjer i eit samfunn med eit aukande religiøst mangfald og der Den norske kyrkja er majoritetskyrkje, men ikkje lenger statskyrkje.

Dette er eit godt tidspunkt både for å sjå bakover og framover.

Seminaret startar med eit attersyn på religionen si rolle i Noreg i 1814 og kyrkja si rolle i 1814 hendingane der fleire prestar og biskopar også engasjerte seg sterkt i den politiske kampen. Deretter vil vi sjå på Den norske kyrkja si rolle i tidlegare grunnlovsjubile, før vi rettar søkelyset mot dagens situasjon og koplinga mellom religion og nasjon slik det kjem til utrykk i folk sine haldningar og i Dnk si rolle i den årlege grunnlovsfeiringa.

Vi avsluttar med ein panelsamtale der vi ser framover på jubileumsplanane og spør korleis Grunnlovsjubileet vil markere og feire forholdet mellom religion og nasjon i 2014.

Foredraga på seminaret bygger på forsking fra Forskingsrådet sitt program for grunnlovsforsking og på Riksarkivet sitt arbeid i forhold til grunnlovsjubileet 2014.

Seminaret er ope for alle interesserte, men vender seg særleg til komande lokale og nasjonale jubileumsarrangørar, presse/media, forskarar og studentar.

Program

Praktisk informasjon:

Stad: Litteraturhuset i Oslo, Amalie Skram

Tid: måndag 2.desember 9.30-15.30

Servering av enkel lunsj

Påmelding: seminaret er gratis, men påmelding er nødvendig. Påmeldingsfrist: 15.november.

KIFO dekker reise og opphald for ein deltakar pr. samarbeidspart.

For spørsmål og meir informasjon; kontakt :  kifo@kifo.no  tlf: 23334720