VEDTEKTER I STIFTINGA KIFO, INSTITUTT FOR KYRKJE-, RELIGIONS- OG LIVSSYNSFORSKING

Endra av representantskapet 7. juni 2016
Endra av representantskapet 3. juni 2014
Endra av representantskapet 11.juni 2009
Endra av representantskapet 5. juni 2007
Fastsett av styret 18. april 2005.
Erstattar vedtekter av 11. mars 2002.

Paragraf 1: Stiftinga
Stiftinga Kyrkjeforsking, KIFO, vart oppretta 22. mars 1993 av Kyrkjerådet i Den norske kyrkja etter oppdrag frå Kyrkjemøtet 1992. Stiftinga skifta i 2014 namn til KIFO, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking.
KIFO har sete i Oslo og er ei «alminnelig» stifting etter «Lov om stiftelser av 15. juni 2001».

Paragraf 2: Føremål
KIFO har som føremål å
– drive og stimulere til forsking kring kyrkje, religion og livssyn i samfunnet
– drive utgreiings- og utviklingsarbeid i same fagområdet
– formidle forsking og forskingsresultat til brukarane; til kyrkjelydane, samfunnet og den offentlege debatten.

Paragraf 3: Hovudsamarbeidspartar
KIFO arbeider på grunnlag av samarbeidsavtalar med andre forskings- og utdanningsinstitusjonar og med einskildpersonar. KIFO skal legge særleg vekt på å føre saman til tverrfagleg samarbeid om felles forskingsoppgåver.
Ein institusjon som har FOU-aktivitet eller anna verksemd som gjer det naturleg å samarbeide med KIFO om å utvikle forsking på feltet kyrkje, religion og livssyn i samfunnet, kan få status som hovudsamarbeidspart når styret gjer vedtak om det. Hovudsamarbeidspartar er representert i stiftingas representantskap, jfr § 10.

Paragraf 4: Ansvar og sjølvstende
KIFO er eit sjølvstendig rettssubjekt og arbeider på eige initiativ og på oppdrag frå andre.
KIFO er skipa ut frå eit kyrkjeleg ansvar og samarbeider med oppdragsgjevarar og andre forskingsinstitusjonar på grunnlag av sjølvstende og i samsvar med prinsippet om forskingsfridom.

Paragraf 5: Økonomi
Kyrkjerådet har skote inn kr. 300 000 som stiftingskapital i KIFO.
KIFO skaffar elles det økonomiske grunnlaget for drifta gjennom offentlege løyvingar, særlege fond, gåver, o.l. og ved betaling for oppdrag og tenester.
KIFO har sjølv høve til å opprette fond til beste for stiftinga sitt føremål. Styret for stiftinga er styre også for slike fond.

Paragraf 6: Organisasjon og forvalting
Styret er stiftinga sitt øvste organ, og forvaltinga av stiftinga høyrer inn under styret.
Representantskapet har tilsyn med stiftinga si verksemd.
Forskingsutvalet er eit rådgjevande organ for styret.
Den daglege verksemda vert leia av forskingssjefen.

Paragraf 7: Styret
Styret har fem (5) medlemmer. Tre (3) av desse vert valde av representantskapet. Kyrkjerådet peikar ut ein (1) medlem. Dei tilsette i KIFOs faste stab vel ein (1) styremedlem. Representantskapet vel styrets leiar blant dei fire medlemmene som er valde av representantskapet eller utpeikt av Kyrkjerådet. Alle medlemmene av styret skal ha personlege varamedlemmer.
Representantskapet står fritt til å velje dei tre styremedlemmene mellom andre enn tilsette hjå hovudssamarbeidspartane.
Dagleg leiar og kontorleiar møter i styret utan røysterett.
Alle styremedlemmene vert valde for tre år om gongen.
Det skal til vanleg vere tilnærma like mange kvinner og menn i styret. Styremedlemmene skal til saman representere ein tverrfagleg kompetanse.
Samanhengande funksjonstid som ordinært styremedlem må ikkje overstige seks år.
Samanhengande funksjonstid som leiar må ikkje overstige seks år. Om ein styremedlem vert vald til leiar etter å fyrst ha sete som ordinært styremedlem, skal ikkje dette føre til redusert funksjonsperiode. Samanhengande funksjonstid skal likevel ikkje overstige 9 år, totalt.

Paragraf 8: Reglar for styret sitt arbeid
Representantskapet vel styreleiar for tre (3) år om gongen. Styret vel nestleiar for eitt år om gongen.
Styret held møte så ofte som naudsynt for god handsaming av sakene, eller når minst to av medlemmene krev det. Styret har møte minst fire (4) gonger i året. Møtet vert innkalla av dagleg leiar i samråd med styreleiar.
Styret er vedtaksført når alle har fått innkalling med minst ei vekes varsel og minst fire medlemmer eller varamedlemmer er til stades. Minst tre medlemmer eller varamedlemmer må røyste for eit framlegg dersom vedtaket skal vere gyldig. Ved likt røystetal har styreleiar dobbelrøyst.
Styret skal føre møtebok.
Dagleg leiar er sekretær for styret.

Paragraf 9: Styret sine oppgåver
Styret leier KIFO si verksemd.  Styret skal førebu møta i representantskapet.
Styret tilset dagleg leiar og andre tilsette og fastset tilsettingsvilkåra deira.
Styret vedtek rekneskap og budsjett, årsmelding og langtidsplan.
Styret godkjenner rammer for og omfang av forskingsprogram.
Styret godkjenner samarbeidsavtalar med andre institusjonar og med einskildpersonar dersom dei omfattar meir enn eit halvt årsverk.
Styret godkjenner arbeidsoppgåver som omfattar meir enn eit halvt årsverk. Styret kan delegere slike saker til forskingsutvalet.
Styret skal sjå til at begge kjønna er tilnærma jamnt representerte i forskarstaben.
Styret tek stilling til lokaliseringa av KIFO.

Paragraf 10: Representantskapet
Representanskapet er eit tilsynsorgan. Det har representantar for alle hovudsamarbeidspartane. Kvar hovudsamarbeidspart peikar ut eit medlem til representantskapet. Kyrkjerådet peikar ut to (2) medlemmer. Alle representantane skal ha personlege varamedlemmer. Dei tilsette i KIFO sentralt har rett til å møte når representantskapet held møte, men utan røysterett. Dagleg leiar møter utan røysterett.
Ordinært representantskapsmøte vert halde ein gong i året, innan 1. september, og kjem saman etter innkalling frå styret. Innkalling til representantskapsmøte skal skje med minst seks vekers varsel. Minst to veker før møtet skal styret sende ut forslag til dagsorden og, så vidt mogleg, ei samanfattande utgreiing for dei sakene som er ført opp. Saker som ein ønskjer tekne opp på representantskapsmøtet, må vere komne til styret seinast fire veker før møtet.
Dersom minst seks av hovudsamarbeidspartane ber om det, skal representantskapet kallast inn til ekstraordinært møte. Ekstraordinært møte vert kalla inn med minst fire vekers varsel.

Paragraf 11: Reglar for representantskapet sitt arbeid
Kyrkjerådet oppnemner leiaren for representantskapet.
Representantskapet er vedtaksført når alle har fått innkalling i rimeleg tid og minst halvdelen av representantane eller varamedlemmene er til stades.
Dagleg leiar (sekretariatet) fører møtebok på vegne av representantskapet.
To representantar vert valde til å godkjenne møteboka.

Paragraf 12: Representantskapet sine oppgåver
Representantskapet vel tre (3) medlemmer til KIFOs styre, for tre år om gongen. Kvart år står ein av desse på val. Kvart år vel representantskapet ein valkomité for valet komande år.
Representantskapet vel stiftinga sin revisor.
Representantskapet drøftar og gjev råd i saker som vert lagt fram for det av styret.
Representantskapet skal uttale seg om
– årsmelding
– revidert rekneskap
– budsjettsituasjonen
– langtidsplan og strategi
Delar av representantskapsmøtet kan gjevast karakter av fagleg seminar.

Paragraf 13: Forskingsutval
KIFOs forskingsutval (FU) er eit rådgjevande organ for styret og for forskingssjefen. FU gjev tilråding til forskingssjefen om godkjenning av årlege rapportar fra forskarane.
FU har fire medlemmer. Styret vel tre (3) av desse. Ein medlem vert oppnemnt av dei fast tilsette forskarane. Forskingssjefen leier utvalet men utan stemmerett.
Funksjonstida for dei valde medlemmene er tre (3) år. Medlemmene må ha doktorgrad.
Medlemmene bør representere ein fagleg breidde som svarar til forskingsfeltet for KIFO.
FU har møte minst tre (3) gonger i året.
FU fører møtebok.

Paragraf 14: Dagleg leiar sine oppgåver
Dagleg leiar er stiftingas forskingssjef. Dagleg leiar har ansvar for å utvikle den faglege verksemda på kort og lang sikt, i samarbeid med dei tilsette, FU og styret.
Dagleg leiar har ansvar for å setje i verk vedtaka frå styret.
Dagleg leiar skal sjå til at midlane vert disponerte i samsvar med budsjettet. Dagleg leiar innstiller i innstillingssaker, eventuelt etter råd frå forskingsutvalet.
Dagleg leiar er sakshandsamar andsynes styret for rekneskap, budsjett, årsmelding og arbeidsplanar.
Dagleg leiar legg fram for styret samarbeidsavtalar, forskingsprosjekt, forskingsprogram og utgreiingsoppgåver når dei treng godkjenning.
Prosjekt som krev mindre enn eit halvt årsverk, og som har rom innafor budsjettet, kan godkjennast av dagleg leiar.

Paragraf 15: Offentleg innsyn
Årsmelding, planar, budsjett og rekneskap er tilgjengelege for ålmenta.
Forskingsrapportar er tilgjengelege for ålmenta frå den dagen dei vert overleverte til styret. Unntaksvis kan oppdragsgjevar og/eller styret klausulera forskingsrapportar for ei avgrensa tid når særlege grunnar talar for det.
Ved oppdragsforsking vert rapportar o.l. formidla til oppdragsgjevar gjennom styret eller den/dei som styret gjev fullmakt.

Paragraf 16: Rekneskap og budsjett
Ajourførte rekneskapsoversyn og budsjettoppfølging skal leggast fram for styret kvart halvår. Rekneskapen følgjer kalenderåret og skal vere avslutta og revidert innan utgangen av første kvartal året etter. Revisjonen skjer ved statsautorisert eller registrert revisor i samsvar med Lov om stiftingar.

Paragraf 17: Vedtektsendring
Vedtektene kan endrast etter forslag frå styret og når 3/4 av representantskapet gjer vedtak om det.

Paragraf 18: Oppløysing
Kyrkjemøtet skal høyrast før ein gjer vedtak om å legge ned stiftinga. Nedlegging kan skje etter forslag frå styret og krev elles at 3/4 av representantskapet gjer vedtak om det. Eventuelle aktiva ved oppløysing fordelast som bestemt i stiftelsesloven § 47 annet ledd.