Ei analyse av gjennomføringa av den nye norske statsborgarseremonien

Prosjektet bygger på informasjon frå arrangørane av dei første norske statsborgarseremoniane i 2007. Korleis vart desse seremoniane iscenesett og gjennomførte? (val av lokale, tidspunkt, bruk  av symbol, rituell gjennomføring osv). Analysen bygger på observasjonsdata og rapportar frå fylkesarrangørane. Analysen av den norske seremonien vil inngå i ei samanlikning med tilsvarande seremoniar elles i skandinavia og i nokre andre land. .

Prosjektleiar: Olaf Aagedal
Finansiering: CULCOM v/ Universitetet i Oslo.

Prosjektet er avslutta med boka: Statsborgarseremoniar i Skandinavia. Olaf Aagedal (Red.)
Boka er utgitt på UNIPUB.

Se omtale her.

art_aagedal_statsborgerseremoniar_forside