Prosjektet bygger vidare på prosjektet ”Lokalt kulturliv i endring” som vart finansiert av Norsk Kulturråd og avslutta hausten 2009.
Denne studien dokumenterte at kyrkjene er dei kulturarenaene som har vakse mest i bruk i dei siste åra. Prosjektet skal beskrive og analysere kva denne ”kulturaliseringa” av kyrkjer inneber. Prosjektet er ein del av paraplyprosjektet ”Religion som estetiserende praksis” ved Universitetet i Agder (finansiert av Norges Forskingsråd). ”Kulturaliseringa” av kyrkjer vil her mellom anna bli analysert ut frå teoriar om bygging av stadsidentitet og kollektivt minne.
Prosjektstart: hausten 2009. Planlagt avslutta i 2011.
Forskar: Olaf Aagedal