KIFO har gjennom fleire år dokumentert og analysert nasjonaldagsfeiringar. Vi har også dokumentert kva som skjedde under pandemien. Rapporten «Kornanasjonaldag» presenterer funn frå ein survey om 17.mai-feiringa i 2021. Korleis påverka smitteverns-restriksjonane deltaking i og opplevinga av nasjonaldagen? I kva grad deltok folk i alternative feiringar? Kva syntest folk om feiringa samanlikna med tidlegare år?
Resultata viser mellom anna at korona-17.maien blei:
- ei privatisert feiring
- «kohort-feiring» framfor fjernsynet
- at fleirtalet sin dom over korona-17.maien var: ei annleis og dårlegare feiring!
- men at eit mindretal likte ei mindre stressande og dugnadsfri feiring
Korleis vil «unntaksfeiringane» under pandemien påverke den komande 17.mai-feiringa? Dette blir også ei feiring i ein unntakssituasjon med storkrig i Europa.
Rapporten kan leses her
Kronikk om rapporten i Dagsavisen
Tidligere rapport Nasjonale symboler i Skandinavia