Luther 2017. Tilbakeblikk på reformasjonsjubileet. Seminar på Litteraturhuset 12.01.18

Dagsseminar som analyserer og diskuterer markeringar av reformasjonsjubileet i Tyskland, Sverige, Danmark og Norge.

Grafisk design: Merete Berg Toreg

 

Tid: Fredag 12.januar 2018 kl 10-16
Stad: Litteraturhuset i Oslo, Wergelandsveien 29, 0167 Oslo

Arrangørar: TF (Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo)
og KIFO (Institutt for kirke-, religions-, og livsynsforskning)

Om seminaret:

Over heile den protestantiske verda har 2017 blitt feira som 500-årsjubileet for starten på reformasjonen. Ulike aktørar har brukt det til å fremje verdiar og formidle notidige bodskap som dei har funne viktige. Slik har feiringa vore ei politisk handling og reformasjonsjubileet minnepolitikk, fordi det har gjeve tolkingar av fortida som kan påverka haldningar og handlingar i samtida. Seminaret skal handle om korleis historia om reformasjonen blei “gjenfortalt” i 2017. Det skal drøfte iscenesetjinga av reformasjonsjubileet, mest i Norge, men også med eksempel frå andre nordiske land og frå Tyskland. Ei sak som gjer feiringa i Norge 2017 særleg interessant, er at ho fell saman med den formelle avviklinga av statskyrkja, eit ektefødd barn av reformasjonen. Korleis har statslutherdomen blitt feira i året for statslutherdomen si gravlegging på kyrkjeleg såvel som statleg hald? Og korleis har dei problematiske sidene ved Luther blitt handsama, hans hatske utfall mot pave, jødar og muslimar? Dette er nokre av dei tema vi vil sjå nærare på.

Program

 

INNLEDERE:
Per Kristian Aschim, fagsjef i Presteforeningen
Ånund Brottveit, forskningssjef ved KIFO
Otfried Czaika, professor i kirkehistorie ved MF
Hallgeir Elstad, professor i norsk kirkehistorie ved UiO:TF
William Hazell, seksjonssjef i Bergen Kommune
Helge Jordheim, professor kulturhistorie og museologi
Halvor Nordhaug, biskop Bjørgvin
Tore Skjæveland, kyrkjefagsjef Bjørgvin
Tarald Rasmussen, professor i allmenn kirkehistorie ved UiO:TF
Einar Thomassen, professor i religionsvitenskap ved UIB
Aud V. Tønnessen, professor i nyere norsk kirkehistorie ved UiO:TF
Margit Warburg, professor ved Institut for Tverrkulturelle og Regionale Studier, København Universitet
Olaf Aagedal, forsker ved KIFO

Påmelding her

Praktiske spørsmål om seminaret og påmelding sendes til: ina.holmstad@kifo.no, tel 23 33 47 20

Seminaret er open for alle.

Pris: 300 kr
Gratis for studentar