Ny bok: Lokalt kulturliv i endring
Bygder og byar satsar no på kultur. Kulturlivet skal skape trivsel og fellesskap for dei som bur der, og «sette staden på kartet» så fleire får lyst til å kome dit. Kva ligg bak denne nye interessa for kultur? Kva blir kultur nytta til, og kva gjer dette med innhaldet i det lokale kulturlivet?
Denne boka tek pulsen på det nye Kultur-Noreg. Her møter du kulturfrelste ordførarar, mediekåte kulturarrangørar, kortidsfrivillige festivalhjelparar, grenseoverskridande samtidskunstnarar, nokre skeptiske bygdefolk – og begeistra og kritiske forskarar.
Boka bygger på eit forskingsprosjekt finansiert av Norsk kulturråd og gjennomført av forskingsavdelinga ved Diakonhjemmet Høgskole og Norsk senter for bygdeforskning.
Olaf Aagedal er professor i sosiologi ved Diakonhjemmet Høgskole og Stiftelsen Kirkeforskning. Han står bak ei rekkje bøker og artiklar om kulturelle tema, blant anna bedehus- og vekkingskultur, elgjaktkultur og jubileumskultur.
Helene Egeland er ph.d., kulturforskar og samfunnsgeograf. Ho har forska på kulturelt mangfald i norsk og svensk kulturliv og kulturpolitikk.
Mariann Villa er dr.polit. i sosiologi og seniorforskar ved Norsk senter for bygdeforskning. Ho har jobba mykje med problemstillingar knytt til bygda som bustad.
Bestilling
Boken kan bestilles på Fagbokforlaget
ISBN: 978-82-7081-147-2